Del |
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.
Ingeniør, vatn og avløp - Tekniske tenester
Stillingsinformasjon
Stillingstype:Fast
Firma:Os Kommune
Sektor:Offentlig
Arbeidstid:Heltid
Antall stillinger:1
Stillingsbeskrivelse
Os kommune er ein vekstkommune med store oppgåver innan utvikling av den tekniske infrastrukturen, både for eksisterande VA-nett og for nyanlegg. Vi treng derfor fleire motiverte medarbeidarar som skal jobbe med forvaltning, drift og vedlikehald på VA-området på eining for Tekniske Tenester.

Vil du vere med å løfte Osbygda til nye høgder ?

Os kommune er helt avhengig av god og sikker vatn forsyning og at vi har eit avløpssystem som fungerer godt. Nytt kommunalt vassbehandlingsanlegg blei opna i 2011 og nytt hovudavløp reinseanlegg (OHARA) er under bygging.

Arbeidsoppgåver
- Pådrivar for å sikra effektiv drift og vedlikehald av VA-anlegg
- Leverandøroppfølging
- Inngå som Teknisk Tenester sin representant i prosjektgruppa for utbygging av OHARA
- Overordna ansvar for drift av kommunale reinseanlegg samt framtidig ansvar for drift og vedlikehald av OHARA når
anlegget er ferdig bygget og overtatt av Tekniske Tenester.
- Forvaltningsoppgåver innan vatn og avløpsområdet

Kvalifikasjonar
- Master- (siving) eller bachelorgrad (ing) i VA-fag eller prosess-/kjemifag.
- Søker må ha kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid.
- Gode samarbeidseigenskapar
- God gjennomføringsevne
- Må like å ta ansvar og ha evne til å jobbe sjølvstendig
- Må være fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Søk på stillingen
Søknadsfrist:05.03.2017
Merkes:Ingeniør, vatn og avløp - Tekniske tenester
Kontaktinformasjon

Os Kommune

KontaktpersonMarianne Kramer
TittelTeknisk Sjef
WebHjemmeside
Telefon920 93 504
AdresseIndustrivegen 96
5200 Os
Norge
Ledige stillinger
SISTE KOMMENTARER
Aktuelle leverandører
180x250 Pipelife
Vaillant - 106x60
Nyhetsbrev
Kurs
    Nytt om navn
    Produktnyheter
    Smått og stort
    Seminarer