Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen opna den nye vegen i Norheimsund saman med ordførar Asbjørn Tolo i Kvam herad (t.v.) og avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen. (alle foto: Synnøve Lien, Statens vegvesen)

Betre og tryggare mellom Norheimsund og Vikøy

Vei, vann og avløp

0

Fem nye bruer
Godt over 100.000 kubikkmeter fjell og lausmassar er flytta vekk og mellom anna fylt i Vikøyevjo og parkanlegget til Kvam herad.
Den nye fylkesvegen har fått tre nye bruer på Vikøy, to på Kaldestad og til saman fem busslommer.

Nytt vass- og avløpsanlegg
I samband med vegbygginga har Kvam herad skifta ut vass- og avløpsanlegg og fått lagt nye elektriske kablar, telekablar, fiber, samt veglys på strekninga. 

Langs den tre kilometer lange vegen er det gang- og sykkelveg.

Utfordrande
Høge skjeringar og utfordrande terreng gjorde arbeidet krevjande både for entreprenør og ikkje minst trafikantar som har venta i kø i lange periodar. Men med tålmod frå alle er resultatet vellukka, og arbeidet er utført utan personskade.

Mjuke trafikantar

Den gamle vegen hadde låg standard med delvis ei køyrebane. Tilhøva for mjuke trafikantar var ikkje ivaretatt. Den nye fylkesvegen har fått eigen gang- og sykkelveg på utsida av køyrevegen langs fjorden med utsyn til mellom anna Folgefonnhalvøya.

Natursteinsmur
Langs vegen er det sett opp vel 5000 kvadratmeter med natursteinsmur og lagt 2,5 kilometer med grasrabatt. Det er bygt 600 meter med nye tilkomstvegar og private avkøyrsler. 

Kilde: Hordaland Fylkeskommune