Mattilsynet jobbar for tiden med å styrke beredskapen innan mattryggleik, drikkevatn, dyre- og plantehelse, og dessutan atomberedskap.
– Vassforsyningssystem er ein av dei mest kritiske samfunnsfunksjonane, og vern og vedlikehald av desse systema er avgjerande for å sikre tilgang til trygt drikkevatn og støtte andre viktige samfunnsfunksjonar. Det er derfor viktig at Mattilsynet fører tilsyn med drikkevassforsyningane i 2025, sier Mattilsynet i en nyhetsmelding.
– Vi vil kontrollere om vassverkseigarar har etablert rutinar som sikrar at vassforsyninga oppfyller krava til helse, sikkerheit og leveringssikkerheit, og at rutinane er baserte på ei farekartlegging, sier Mattilsynet i samme nyhetsmelding.
Tilsyn
Mattilsynet vil bruke vassverksdata frå dei årlege innrapporteringane og andre risikobaserte kriterium, for å velje ut vassverk vi ønsker å føre tilsyn med i 2025.
Gjennom tilsyn vil man også rettleie vassverkseigarar om viktigheita av regelmessige farekartleggingar, at resultata etter kartlegginga blir vidareførte inn i revisjon av beredskapsplanen og at vassverkseigarar gjennomfører øvingar baserte på oppdaterte planar.
Vannverksemdene skal igjennom den årlege innrapporteringa svare på spørsmål under teamet «Sikkerheit/Beredskap/Internkontroll», og svara skal vere oppdaterte i forhold til aktiviteten i 2024.
Man vil i løpet av 2025 utføre tilsyn med eit utval vassverk. Gjennomføringa av tilsynet vil bli varsla og tidspunkt for gjennomføring blir avtalt.
Man skal og gjennomføre tilsyn med vassbehandlingstrinna hos vassverkseigerane. For å kunne etablere ei effektiv vassbehandling, må ein ha kjennskap om vasskvaliteten i kjelda.
Kjelder
Mattilsynet ønsker å sjå om vassverkseigarar gjennomfører regelmessige analysar av vatnet frå kjelda det skal produserast drikkevatn av, og om vasskvaliteten blir overvakt igjennom heile året slik at årstidsvariasjonane blir kartlagde.
– Vidare vil vi sjå om det er etablert tilstrekkelege hygieniske barrierar i vassbehandlinga, i lys av analyseresultat, trendar og utvikling i vasskvaliteten i kjelda og kjeldas nedslagsfelt. Vi ønsker å sjå på om vassverkssiger i farekartlegginga si har vurdert påverkinga til klimaendringane på råvasskvaliteten og den etablerte vassbehandlinga, seier Mattilynet på si heimeside.
Man ønsker å sjå på om vassverkssiger i farekartlegginga si har vurdert påverkinga til klimaendringane på råvasskvaliteten og den etablerte vassbehandlinga..