Foto: Wiki

Kloakksmell på 1,7 milliarder

Dei fire nye kloakkreinseanlegga til Bergen kommune skulle ha stått ferdig i 2012 og ha kosta 465 millionar. I dag er prislappen på 2,2 milliardar, og berre eit av dei fire anlegga står ferdig. Dette skriver NRK Hordaland.

0

– I ettertid er det lett å sjå at me undervurderte kostnadsomfanget, seier fagdirektør i Vann- og avløpsetaten Magnar Sekse til NRK.

Fredag var han innkalla til finans- og byutviklingskomiteen i Bergen si høyring om tids- og kostnadssprekken på fire reinseanlegg og eit biogassanlegg.

  • I 2006 rekna ein med at byggekostnaden for reinseanlegga var på 465 millionar kroner. I dag reknar ein med at anlegga vil kosta 2,2 milliardar.
  • I utgangspunktet skulle jobben vera ferdig i 2012. Tre år seinare står berre eit av dei fire reinseanlegga ferdig.
  • Eit biogassanlegg som skal handtera slam frå reinseanlegga skulle ha kosta om lag 100 millionar. Nyleg la byrådet fram ei sak på at dei no reknar med at den endelege prislappen på dette anlegget vert på om lag 300 millionar.

– Visste for lite

Sekse seier dei i utgangspunktet hadde for lite kjennskap til innhaldet i byggeprosjekta ein gjekk i gang med. Bakgrunnen for investeringane var at Bergen kommune innan 2008 skulle møta nye krav i forureiningsforskrifta. Denne fristen har seinare vorte utsett.
– Me har heile tida brukt dei beste tala, men har vore for forsiktige med å kommunisera risikoen for at det kunne verta dyrare, vedgjekk fagdirektøren i Vann- og avløpsetaten.
Sekse peikar på fleire grunnar til at kostnadane skaut i vêret.

  • Grunnlaget for kva som skulle til for å møte reinsekravet var ufullstendig og ikkje avklart då vedtaka vart gjort.
  • Anlegga vart meir kompliserte å byggja enn det som var føresett.
  • Planen var å bruka delar av gamle anlegg, noko som viste seg å ikkje vera mogeleg.
  • Full utbygging av Flesland reinseanlegg kom først med seinare i prosjektet.

I tillegg kjem kostnadsauken på biogassanlegget, der det først og fremst vert vist til krevjande fjellsikring, ureina massar i grunnen og arbeid med å fjerna dynamittrestar frå anleggsområdet. Prosjekteringa og bygginga har i tillegg vist seg å vera meir komplisert enn ein først rekna med. Kilde: NRK Hordaland.