Overvann i Holbergs gate i Oslo. Foto: Ilja Hendel DiBK

Nye reglar for handtering av overvatn

Eit våtare og villare vêr gjer at vi må tenkje annleis om korleis vi byggjer. Nytt regelverk gjeld frå 1. januar 2024. Dei nye krava om handtering av overvatn gjeld for heile landet, men berre viss kommunane ikkje har vedteke eigne krav i arealplanane sine.

0

Overvatn er vatn frå nedbør eller snøsmelting som ikkje sig ned i grunnen. Når vatnet renn på overflata, kan det skade bygningar og infrastruktur. I verste fall kan det stå om liv og helse.

Store kostnader

I tillegg utgjer overvatnet ein stor kostnad for samfunnet. Dei totale skadekostnadene på bygningar og anlegg som følgje av overvatn, ligg i dag på mellom 1,6 til 3,6 mrd. kroner per år. Utan førebyggjande tiltak anslår Overvannsutvalget at dei forventa skadekostnadene som følgje av overvatn, vil doblast  dei neste 40 åra. 

Dei nye krava om handtering av overvatn gjeld for heile landet, men berre viss kommunane ikkje har vedteke eigne krav i arealplanane sine. 

– Det nye regelverket vil i større grad sikre at nye byggjeprosjekt er tilpassa klimaet i framtida. Samtidig opnar vi for at kommunane sjølve kan lage eigne føresegner, basert på lokale forhold. Uansett vil dei nye reglane sørge for at vi vil vere betre førebudde på eit våtare og villare vêr i framtida, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.  

 100-årsnedbør 

Etter dei nye reglane skal løysingane for å handtere overvatn kunne stå imot nedbøren i framtida. Reglane seier at berekningar skal gjerast ut frå nedbør med klimajustert 100-års gjentakintervall. Det vil seie at vi skal ruste oss for den kraftigaste nedbøren vi reknar med kjem i løpet av 100 år. 

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har hjelpt Kommunal- og distriktsdepartementet i deira forskriftsarbeid for handtering av overvatn. 

– Heldigvis er det mykje vi kan gjere som ikkje kostar så mykje, men som likevel vil ha stor effekt. Av og til kan det vere så lett som å byte ut asfalt med grus, plen eller andre drenerande dekkjer som hjelper til med at vatnet blir infiltrert i grunnen, seier direktør i DiBK, Per-Arne Horne.

Fakta

  • Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2024.
  • Reglane gjeld for heile landet, så lenge det ikkje er lokale føresegner om handtering av overvatn i arealplanar. 
  • Plan- og bygningsloven, saman med byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskriften (SAK10), har nye føresegner
  • Les meir om føresegnene her