Cruiseskip i Geirangerfjorden. Cruisebåter har praktisk talt null utslipp av forurenset vann. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Strengere krav til utslipp fra båter i verdensavfjordene

Fra 1. mars gjelder nye miljøkrav for utslipp av kloakk og gråvann i verdsarvfjordene Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Kravene er utarbeidet av Sjøfartsdirektoratet på oppdrag fra Klima- og miljødepartementet. Cruisebransjen er imidlertid allerede de flinkeste i klassen.

0

Gjennom miljøkartleggingar dei siste par åra er det avdekt utslepp frå skip i verdsarvfjordane, særskild i sommarsesongen. Rapporter tyder på at Cruisebransjen tar miljø på alvor og ligger langt innenfor kravene som nå stilles. Andre skip slipper imidlertid ut forurenset vann til fjordene.

Sjøfartsdirektoratet har difor, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, fastsett nye miljøkrav for å redusera utsleppa. I dette arbeidet har både nasjonale og internasjonale reiarar og lokale styresmakter vore involverte. Regelverket har i tillegg vore på brei høyring for å sikra at så mange som mogleg har fått ytra seg om dei nye krava før dei vart endelege.

Reduserer utsleppa

Dei nye reglane medfører ein reduksjon av utsleppa av kloakk og gråvatn frå skip. Vidare blir det gradvis strengare krav til utslepp av NOx og strengare regulering av bruk av eksosvaskesystem. Det kjem også krav om ein miljøinstruks for kvart enkelt skip og forbod mot forbrenning av avfall om bord. Utslepp av svovel skal følgja internasjonale krav i alle verdsarvfjordane. For skip som er verna eller freda av Riksantikvaren, er det høve til å søkje om  dispensasjon frå enkelte føresegner.

– Dei nye krava baserer seg på internasjonale krav som er godt kjente innan cruisenæringa, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Det spesielle er at me gjer krava gjeldande for skip uavhengig av når dei er bygde.

Verdifulle fjordområde

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap* skrive inn på Unescos si verdsarvliste. Fjordområda rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden ligg 120 kilometer frå kvarandre og er, geologisk sett, døme på klassiske fjordlandskap. Dei syner korleis landskapet har utvikla seg frå den siste istida fram til no. Noreg har forplikta seg til å sikra at verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap ikkje vert utsett for skade eller påverknad som trugar dei framståande universelle verdiane som gav dei plass på verdsarvlista. Verdsarvområda skal ha høg status i Noreg. Ein ventar at dei nye krava vil føra til ein reduksjon av utsleppa allereie frå sommaren 2019. I åra som følgjer vert krava gradvis strengare, og ein ventar at utsleppa minkar endå meir. Sjøfartsdirektoratet kjem til å følgja opp krava gjennom utsleppsmålingar og inspeksjonar om bord på fartøya. Samstundes startar direktoratet no opp eit arbeid for å vurdera liknande tiltak mot utslepp frå skip andre stadar i Noreg.

* Vestnorsk fjordlandskap består av dei fem fjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.

Den nye forskrifta finn du her.